fossegrimen_logo


Fossegrimen vert støtta av:

vossk Voss
kommune

hordfylk Hordaland fylkeskommune

Hovudsponsor:

 

 

Händels "Messias" i Norheimsund kyrkje laurdag 9. desember og i Nain på Voss søndag 10. desember.

Mest kvar haust i over 30 år har Orkesteret Fossegrimen framført ulike verk for songsolistar og stort prosjektkor, som regel samansett av songarar frå heile regionen. Verk som har stått på programmet har m. a. vore Vivaldis Gloria-messe, Puccinis Messa di Gloria, oratoria Skapelsen av Haydn og Paulus av Mendelssohn, og Mozart og Cherubini sine rekviem.

Skann 2Georg Friedrich Händel (1685-1759) sitt kjende oratorium Messias har vi framført mange gonger tidlegare, sist i 2012. Laurdag 9. desember vil vi framføra det i Norheimsund kyrkje og dagen etter i Nain på Voss. Verket er bygd over tekstar frå Bibelen, og det vart første gongen framført i Dublin i 1742. Året etter vart det så spelt i London, og sidan har det gått sin sigersgang over heile verda. Framleis i dag er vel dette det oftast framførte verket i denne sjangeren. Det er i tre delar: første delen inneheld profetiar om Frelsaren og skildring av då han kom til verda; andre delen omhandlar Kristi liding, død og oppstode; medan tredje delen ser framover med tankar om domedag og det evige liv, og Kristus vert lovprisa som verda sin frelsar. Då Messias vart framført første gongen var det med eit etter måten lite kor og orkester, berre 16 songarar i koret og nokre få strykarar, oboar, trompetar og pauker i orkesteret. Men seinare vart kor og orkester gradvis utvida, og i 1789 laga Mozart ein versjon som var meir tilpassa den tida sitt tonespråk, der det i tillegg er med fløyter, klarinettar, fagottar, horn og trombonar. Det er denne versjonen Fossegrimen nyttar ved framføringane i år.

Også i år har vi med tre framifrå solistar:

SIMG 1332 2unniva Lien Olsen (sopran) arbeider som songpedagog og er frilans songar. Ho studerte ved Griegakademiet i Bergen og har mastergrad i klassisk song frå Det kgl. Musikkonservatorium i København, der ho vart uteksaminert med beste karakter. Debutkonserten sin heldt ho i Christians Kirke i København i 2013. Ho har har sidan hatt fleire solistoppdrag i Noreg, Danmark og Tyskland, ho har vore solist m. a. i Johann Sebastian Bach sine store verk Joleoratoriet, Påskeoratoriet og Johannespasjonen og i Händels Messias, og ho har vore gjesteartist under Usedom musikkfestival i Polen. Ho har medverka i mange operaforestillingar og har turnert for Rikskonsertene i Hordaland og på Orknøyene med forestillinga Sangerinnen, og for ei tid sidan var ho med som operapedagog i eit samarbeidsprosjekt mellom den kulturelle skulesekken og Bergen Nasjonale Opera. Dette er første gongen ho er solist med Fossegrimen.

Harald Bjørkøy bilde kopiHarald Bjørkøy (tenor) er professor ved Griegakademiet. Han debuterte som songar i 1982 og har vunne fleire prisar i både nasjonale og internasjonale songkonkurransar. Han er også tildelt Grieg-prisen og hadde debutkonsert i Carnegie Hall i New York i 1991. Bjørkøy har eit omfatande repertoar innan lieder, oratorier og opera. Hausten 2002 song han rolla som Olav Tryggvason i Trønder-Operaen si urframføring av Hjalmar Borgstrøms opera Thora på Rimol frå 1894, eit verk som han seinare var med og framførte på Den Norske Opera i Oslo. Dei siste åra har han arbeidd mykje med å presentera den ”gløymde” norske vokalmusikken, skapt av komponistar som t. d. Catharinus Elling, Gerhard Schjeldrup, Johan Selmer o.a.. Han har vore solist med alle dei norske profesjonelle orkestra, og han har hatt konsertar i ei rekkje europeiske land og i USA. Bjørkøy har gjennom åra vore mykje nytta som solist med Fossegrimen, siste gongen var i 2013 i Puccinis Messa di Gloria.

IMG 4240Øystein Skre (bass) var i fem år med i den populære sanggruppa "Bjelleklang". Etter å ha arbeidd nokre år som sivilingeniør byrja han å studere sang ved Norges Musikkhøgskole og deretter ved Statens Operahøgskole i Oslo, og sidan 2005 har han vore fast tilsett i koret ved Den Norske Opera & Ballett. Samstundes har han også hatt fleire solistoppgåver både på Den Norske Opera, på operafestivalen i Kristiansund, på Oscarsborg festning og i Drammen teater o.a.. I 2004 var han ein av solistane i Den Norske Opera sin sommarkonsert på Akershus festning, og året etter sang han ei av rollene i Wagners Die Meistersinger i Oslo Konserthus. Han har også vore solist i Beethovens 9. symfoni. I tillegg har han hatt ei lang rekkje solistoppdrag i ulike oratorier og kyrkjemusikalske verk, m.a. i Händels Messias og Bachs Joleoratoriet. Han har vore solist med Fossegrimen fleire gonger tidlegare, sist i 2010 i Mendelsohns Paulus.

Fossegrimens prosjektkor kjem saman kvar haust og øver inn programmet til adventskonsertane våre. Koret tel i år rundt 60 songarar frå Voss og grannekommunane, og Lars Ragnvaldsen har som vanleg hatt ansvaret for korinnstuderinga. Arbeidet med regionalt kor har i mange år vore ei av hjartesakene hans, og vi er svært glade for at han ville halda fram med dette arbeidet også etter at han slutta som kantor i Vangskyrkja for nokre år sidan.

Framføringane av Messias vert leia av orkesteret sin faste dirigent Dagfinn Rohde.

Vel møtt til konsert i Norheimsund kyrkje laurdag 9. desember kl. 18.00 og i Nain på Voss søndag 10. desember kl. 19.00. Konsertane vert støtta av Kvam herad, Voss kommune og Hordaland fylkeskommune.