fossegrimen_logo


Fossegrimen vert støtta av:

vossk Voss
kommune

hordfylk Hordaland fylkeskommune

Hovudsponsor:

 

 

Festkonsertar med Leif Ove Andsnes 23. og 24. juni

Orkesteret Fossegrimen sin 100 års jubileumssesong vert avslutta med festkonsertar i Gamlekinoen på Voss laurdag 23. juni og i Kviknesalen i Balestrand dagen etter med den kjende pianisten Leif Ove Andsnes som solist med orkesteret.

Foto Nils Kvamsdal 2Leif Ove Andsnes er utan tvil ein av dei aller fremste utøvarane på sitt instrument i dag, og med sine gjennomreflekterte tolkningar og imponerande teknikk har han gjort stor lukke både nasjonalt og internasjonalt. Han held solokonsertar og er stadig solist med dei fremste orkester i verda. Såleis har han siste året spelt med m. a. med både Oslo og Bergen Filharmoniske Orkester, Bayerische Rundfunk Orchester i München, og New York og London Philharmonic Orchestras, og han har gitt solokonsertar i Trondheim, London, Wien, Amsterdam, Leipzig, Milano, Lucerne, Berlin og München. Repertoaret hans er svært omfatande og spenner over musikk frå ulike tidsepokar. Som aktiv kammermusikar er Andsnes grunnleggjar av og kunstnarisk leiar for Rosendal Kammermusikkfestival, som han starta i 2016 og som er blitt ein stor suksess, både kunstnarisk og publikumsmessig. Andsnes er Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden, og han er æresdoktor ved Juilliard School of Music i New York og ved Universitetet i Bergen.

Det er ikkje ofte vi får vitjing av verdskjende klassiske musikarar i vår region, og endå sjeldnare er det at vi får høve til å spela saman med dei. Vi gler oss stort til å framføra Mozarts vakre pianokonsert nr. 21 i C-dur med Andsnes. Elles byr orkesteret på eit velklingande program med musikk frå Hundrad folketonar frao Hardanger av Geirr Tveitt, Finlandia av Jean Sibelius, to ungarske dansar av Johannes Brahms og Hyldningsmarsjen frå Sigurd Jorsalfar av Edvard Grieg. Dirigent er som vanleg Fossegrimen sin faste dirigent og kunstnarlege leiar Dagfinn Rohde.

Etter konserten byr Voss kommune inn til ei enkel samkome i kafeteriaen i Voss tinghus (inngang frå Skulegata), der solist, dirigent, orkestermusikarar og andre gjester vil vera til stades.

Med eigen spesialbillett, som kan kjøpast i resepsjonen i Voss kulturhus (pris. Kr. 950,-), har du tilgjenge til konserten med reservert plass og til samkoma etterpå.

Velkomen til konsert med Leif Ove Andsnes og Orkesteret Fossegrimen:

I Gamlekinoen på Voss laurdag 23. juni kl. 18:00.

I Kviknesalen, Kviknes Hotel, Balestrand sundag 24. juni kl. 17:00.

Foto: Nils Kvamsdal, avisa "Hordaland".