fossegrimen_logo


Fossegrimen vert støtta av:

vossk Voss
kommune

hordfylk Hordaland fylkeskommune

Hovudsponsor:

 

 

Lutefiskkveld på Fleischer's Hotel med Orkesteret Fossegrimen

Voss Event inviterer til lutefiskgilde på Fleischer's Hotel laurdag 10. november kl. 19.00. Det blir lutefisk på tradisjonelt vis med to serveringar av fisken med poteter og bacon frå Voss, kortreist og heimelaga gul ertestuing, flatbrød og langreist grov sennep.

IMG 9863

Foto: Bjørn Sandnes, avisa ”Hordaland”.

Orkesteret Fossegrimen står for underhaldninga denne kvelden. Ein del musikarar i orkesteret – strykarar og blåsarar med dirigenten Dagfinn Rohde i spissen – tilbyr eit variert og velklingande program med mange kjente klassiske tonar. Dei tre distriktsmusikarane våre har diverse solistoppgåver: Carmen Hermosilla er tilsett som ny cellist i gruppa og framfører den vakre ”Melodi” av Anton Rubinstein; fiolinisten Stephan Frolov er vikar i gruppa og konsertmeister i orkesteret denne sesongen. Han er solist i den kjente «Czardas» av Vittorio Monti og i «Tango Jalousie» av Jacob Gade. Fløytisten Øystein Haga gir sin versjon av Ennio Morricone sin «Gabriel’s obo» – på fløyte. Ellers blir det musikk av m. a. Dimitrij Sjostakovitsj, Franz Schubert, Georges Bizet, Isaac Albenitz og John Williams.

Hiv deg rundt og ting billettar til ei eineståande mat-og musikkoppleving på Fleischer’s Hotel laurdag 10. november kl. 19.00!

Fylgjande prisar gjeld denne kvelden:

  • Pris for lutefiskmiddag kr 595,- per person
  • Pris inkludert overnatting i delt dobbeltrom kr 1 390,- per person

Vi ynskjer velkomen til ein minneverdig lutefiskkveld!

Tinging på tlf. 56 52 05 00 eller Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Kontaktperson:            Alette Hjelmeland 9262 6268