Fossegrimen vert støtta av:
![]() |
Voss kommune |
| Hordaland fylkeskommune |
Fossegrimen sin hovudsponsor:

| Historie |
|
Orkesteret Fossegrimen
Orkesteret Fossegrimen vart starta av lektor Erik Eggen (1877-1957) ved Voss off. Landsgymnas i 1917. Nokre år tidlegare hadde han fått i stand ein strykekvartett blant kollegaene sine. Denne vart etter kvart utvida med fleire musikarar, Dei første åra under okkupasjonen fungerte orkesteret ikkje i det heile, men frå 1942 var det i full gang igjen og nå med organist Carl-Trond Nedberg (1917-2004) som fast dirigent. Fossegrimen fekk ei aktiv tid framover med mange konsertar og aukande medlemstal. På orkesteret sin 30-års jubiléumskonsert i 1948 var Erik Eggen attende som gjestedirigent, og på programmet sto m.a. hans "Norsk rapsodi", som han tileigna Fossegrimen. Seinare same året spelte orkesteret Griegs klaverkonsert for fyrste gongen, då med Nedberg som solist og lektor Knut Tylden som dirigent. I 1950 var det eit større samarbeidsprosjekt med Odda Orkesterforening, der m.a. Beethovens 5. symfoni vart framført. Fru Norma Nedberg var ei framifrå violinistinne og var solist i Svendsens Romanse.
Våren 1979 takka Zwartjes av som dirigent for Fossegrimen, men han har sidan i fleire periodar vore aktiv som musikar i orkesteret. Utan ny dirigent til å ta over fekk orkesteret ei vanskeleg tid framover. Men Birger Rostrup (1916-1995) tok på seg oppgåva å leia orkesteret, og fleire konsertar vart det både på Voss og i regionen, m.a. samarbeidskonsertar med Dale Mannskor. Det var likevel store rekrutteringsvanskar og fallande medlemstal, ikkje minst fordi ein på mange måtar sto ved eit generasjonsskifte. I 1981 vart Fossegrimen organisert som eit regionalt symfoniorkester for Voss og grannekommunane, der målet vart å samla interesserte musikarar i heile denne regionen i eitt orkester og å ha regelmessige konsertar her. Eit tettare og meir strukturert samarbeid med musikkskulane i desse kommunane vart ein viktig hjørnestein i orkesteret sitt arbeid. Hausten 1981 tok organist Lars Ragnvaldsen (1944-) over arbeidet som fast dirigent for orkesteret, og med ein gong leidde han orkesteret inn i ei ny blømingstid og aktiv utviklingsperiode.
Frå hausten 1991 har Dagfinn Rohde (1951-) hatt ansvaret som fast dirigent og musikalsk leiar for Fossegrimen. Med sin bakgrunn og lange røynsle som violinist i Bergen Filharmoniske Orkester har han hatt svært mykje å tilføra orkesteret, og under taktstokken hans har det gjort nye store sprang i utviklinga si, både når det gjeld stabilitet og kvalitet. Oppgåvene desse åra har vore talrike og svært allsidige med musikk frå ulike stil- og tidsepokar. Av større og krevjande verk som orkesteret har framført under Rohde si leiing kan nevnast ”Gloria” av Vivaldi (2001), oratoria ”Messias” av Händel (1987, 1990, 1993, 2000, 2003, 2007), "Skapelsen" av Haydn (1994, 2004, 2008) og "Paulus" av Mendelssohn (1995, 1997, 2005), ”Messa di Gloria” av Puccini (2002, 2006). Av andre oppgåver kan nemnast Dvoraks cellokonsert med Aage Kvalbein som solist (1997), Tveitts hardingfelekonsert nr. 2 – ”Tri Fjordar” - med Nils Økland i 1992 og Gjermund Larsen i 2008, Haydns trompetkonsert med Ole Edvard Antonsen (1998), Chopins klaverkonsert nr. 1 med Håvard Gimse (2006) og Svendsens symfoniar (1994, 2002). Griegs klaverkonsert med Geir Botnen framførte vi i 2006, og under Osafestivalen i 2007 sto Tveitt sine ”Sju Sivlesongar” igjen på programmet. Orkesteret sine 90 år vart markert med ein stor jubiléumskonsert våren 2008, der søstrene Ragnhild og Eldbjørg Hemsing var solistar. I april 2009 vart stumfilmen "Brudeferden i Hardanger" frå 1926 vist i Voss Kino medan orkesteret spelte musikken til, arrangert av Halldor Krogh - ei svært krevjande oppgåve både for dirigent og orkester som vart løyst på aller beste måte. Det skal òg nemnast at Fossegrimen hadde konsertar på festivalen Hardingtonar i Norheimsund både i 1999 og i 2005, og at vi fleire gonger har hatt samarbeidsprosjekt med andre orkester, så som Fana Kammerorkester i 2002 og Bergens Turnforenings Orkester i 2004.
Fossegrimen tel i dag rundt 40 musikarar som møtest til øving kvar veke. Mange har vore med i orkesteret i fleire ti-år og har gjort eit stort arbeid i å sikra orkesterdrifta, både musikalsk og administrativt. Til nå har Fossegrimen utnemnd fem æresmedlemer for deira langvarige og verdfulle innsats for orkesteret: Leiv Gjerskvål, Johannes Hellene, Sigurd Petersen, Olav Berge og Gaute Sandvik. Gledeleg er det at også dei unge kjem med i Fossegrimen, fleire av medlemene er ungdomar i alderen 15-20 år.
Fossegrimen vert administrert av eit styre med 5 medlemer. Peder Ringdal har vore sentral i dette arbeidet sidan 1981, det meste av tida som styreleiar. Halvard Bjørgo og Jostein Bøyum har begge vore med i styret det meste av denne tida og har også hatt styreleiarverv.
Drift av eit orkester på dette planet er mogeleggjort med midlar frå kommunar og fylkeskommune, frå private sponsores og annonsørar, gjennom billettinntekter og medlemskontingentar, og tilskot frå ymse andre instansar.
|





I dei 10 åra med han som musikalsk leiar hadde Fossegrimen 8-10 offentlege konsertar kvart år i regionen, gjerne med 4 forskjellige program. Fleire store og krevjande verk vart framførde, ofte med ulike samarbeidspartnarar. I 1985 produserte Fossegrimen eit eige videoprogram, "Hardingfela og symfoniorkesteret - ulike tradisjonar i samklang", med Sigbjørn Bernhoft Osa som solist og forteljar. Programmet vart seinare vist i NRK-Fjernsynet. I denne tida vart det også etablert ei distriktsmusikarordning i regionen med tre musikarar fast knytte til orkesteret på deltid. Dei har hatt oppgåver som konsertmeister og gruppeleiarar og har hatt mykje å seia for orkesteret si positive utvikling desse åra. I 1988 hadde Fossegrimen eit vellukka samarbeid med Nord-Rogaland Symfoniorkester i Haugesund og i 1990 med Symfoniorkesteret i Sogn.