fossegrimen_logo


Fossegrimen vert støtta av:

vossk Voss
kommune

hordfylk Hordaland fylkeskommune

Hovudsponsor:

 

 

Om orkesteret

Orkesteret Fossegrimen vart starta i 1917 av lektor Erik Eggen ved Voss offentlege Landsgymnas, og det har sidan vore i mest kontinuerleg drift, frå 1981 som regionalt amatørsymfoniorkester for dei indre kommunane i Hordaland og nabokommunar i Sogn og Fjordane.

Orkesteret tel i dag 30-35 aktive medlemer, både amatørar og yrkesutdanna musikarar i "alle" aldrar frå ungdomsskule-elevar til pensjonistar. Medlemene vert rekrutterte frå heile regionen, og Fossegrimen har full symfoniorkesterbesetning. Fast dirigent og kunstnarleg leiar er fiolinisten Dagfinn Rohde, til dagleg musikar i Bergen Filharmoniske Orkester. Forutan dirigenten er tre distriktsmusikarar og i tillegg ein yrkesutdana musikar engasjerte som gruppeleiarar og instruktørar. Orkesteret har prøver fast ein kveld i veka.

Fossegrimen held 6 til 10 offentlege konsertar i regionen kvart år, då gjerne med fire ulike program. Desse inkluderer vanlegvis eit barne-/familieprogram, der unge musikarar/ kulturskule-elevar får vera med i orkesteret og gjerne vera solistar; framføring av eit større kor-orkesterverk (oratorium e.l.); eit symfonisk program og gjerne eit lettare sesongavslutningsprogram. I tillegg kjem tilfeldige ekstraoppgåver.

Orkesteret Fossegrimen ser det som si oppgåve å vera eit aktivitetstilbod for interesserte musikarar - amatørar og profesjonelle - i regionen, både strykarar, treblåsarar, messingblåsarar og slagverkarar. Ved å halda regelmessige konsertar ynskjer vi å gi tilbod om "levande" orkestermusikk til publikum. Nær kontakt med kulturskulane i regionen er heilt naturleg, og vi har òg samarbeid med musikklinene ved Voss Gymnas og Voss Folkehøgskule. Ofte er vi saman med andre lag (kor, korps o.a.) om enkeltprosjekt. Fossegrimen samarbeider med komponistar i regionen for framføring av deira musikk og med utøvande musikarar for samspel og akkompagnering.

Orkesteret har sete på Voss. Det har øvingar kvar måndag kl. 18-21 gjennom det vanlege skuleåret. Øvingane er delte i øvingar med heile orkesteret og i gruppeøvingar, og dei vert haldne i Voss kulturhus, Evangervegen 6, i Voss sentrum.