Fossegrimen vert støtta av:
![]() |
Voss kommune |
| Hordaland fylkeskommune |
Fossegrimen sin hovudsponsor:

| Fossegrimen slit framleis med økonomien. |
|
Orkesteret Fossegrimen har gjennom mange år fått verdfull økonomisk stønad frå Voss kommune, frå Hordaland fylkeskommune og frå dei kommunane der vi har halde konsertar, noko som har vore sterkt medverkande til at orkesteret har kunna halda fast ved profilen sin som regionalt symfoniorkester. I tillegg har velviljug stønad frå næringslivet og aukande publikumsinteresse med auka billettinntekter vore med og sikra nokolunde balanse i rekneskapane gjennom åra. Men dei siste åra er orkesteret sin økonomiske situasjon vorte jamnt dårlegare, tilskot og andre inntekter har diverre ikkje halde fylgje med den generelle kostnadsutviklinga. Etter gode lønsoppgjer er det serleg personalkostnadene som har auka vesentleg, noko som resulterte i eit rekordstort driftsunderskot på kr. 119.000 i 2008. Med svært stram økonomistyring, med fleire musikarar som arbeidde på dugnad for orkesteret og med tilleggsløyvingar på tilsaman kr. 70.000 frå Voss kommune og Hordaland fylkeskommune betra situasjonen seg noko utover i 2009, og rekneskapen viste nå eit underskot på kr. 32.000. I budsjettmøtet i Voss kommunestyre torsdag 10. desember 2009 vart det vedteke å auka det faste årlege tilskotet til Fossegrimen med kr. 75.000 til tilsaman kr. 200.000. Gledeleg var det også at kommunestyret samstundes samla seg om ein uttale der det ikkje kan godta at orkesteret vert nedlagd. Ein søknad til Hordaland fylkeskommune om tilleggsløyving for 2010 er det enno ikkje kome svar på. Samstundes er det søkt om ein monaleg auke i det fylkeskommunale driftstilskotet frå 2011. Vi vonar at det snart vert ei løysing på den vanskelege økonomiske situasjonen Fossegrimen er i, slik at vi kan halda fram som regionalt symfoniorkester med det kvalitets- og aktivitetsnivået som orkesteret har hatt gjennom mange år nå. |
