fossegrimen_logo


Fossegrimen vert støtta av:

vossk Voss
kommune

hordfylk Hordaland fylkeskommune

Hovudsponsor:

 

 

"Symfoni på Voss" - boka om Orkesteret Fossegrimen

Omslag_Voss_symfoniGjennom dei siste 10-15 åra har det vore gjort eit grundig og systematisk innsamlingsarbeid av opplysningar, fotos og anna materiale om Fossegrimen si verksemd i nesten 100 år, og i boka Symfoni på Voss gir forfattaren Arvid Møller eit interessant og  levande bilete av orkesteraktiviteten, ikkje minst gjennom samtalar med mange tidlegare og noverande orkestermedlemer, og han skriv om miljø og andre kulturaktivitetar på Voss i notid og fortid. Boka gir eit verdfullt lokalhistorisk innsyn i tilhøva på Voss i førre hundreåret og fram til i dag. Den gir svar på kva som gjorde at orkesteret i det heile kom i gang i ei lita og avstengd bygd, og ikkje minst kvifor det framleis - mot alle odds - er liv laga i sterk konkurranse med mange andre kultur-aktivitetar. Symfoni på Voss er i praktutgåve og er på omlag 230 sider med rundt 240 fotos og illustrasjonar. John Grieg AS i Bergen har stått for tilrettelegging av manuskriptet og har saman med Sats Montasje Design AS i Bergen stått for design og grafisk produksjon.

Bilde_227-1Arvid Møller (f. 1939) vaks opp på Voss og tok artium på Voss off. Landsgymnas i 1959, og han kjenner tilhøva her godt. Han er busett på Lillehammer og har vore tilsett som programmedarbeidar i NRK i mange år. Han har skrive eit hundretals bøker om svært ulike tema, og for forfattarskapen sin er han tildelt Austmannaprisen, Kulturprisen for Gudbrandsdalen og Kongens fortenstmedalje i gull.

Orkesteret Fossegrimen vil med dette takka avisa "Hordaland" for all hjelp og støtte gjennom mange år i samband med innsamling og kopiering av avisartiklar og fotos. Denne boka hadde aldri vorte realisert utan denne velviljen! Likeeins vil vi gi ei varm takk til Svein Ulvund for at han vederlagsfritt har stilt sitt rikhaldige fotoarkiv til vår disposisjon. Ei stor takk også til Hardanger og Voss Museum for god hjelp til finna fram gamle fotos frå Voss Fotoarkiv, og til fotograf Kjell Herheim for arbeidet med å digitalisera mange gamle bilete. Og sjølvsagt takk til alle dykk andre som har vist interesse for dette bokarbeidet og som har bidratt med verdfulle opplysningar og innspel!

Til å gjennomføra det viktige lokalhistoriske arbeidet som dette bokprosjektet er, har Fossegrimen motteke verdfull økonomisk støtte frå: Voss kommune, Voss Bygdeboknemnd, Voss Sparebank, Sparebanken Vest, Voss Veksel- og landmandsbank ASA, Sigbjørn Osa sitt fond v/Ole Bull Akademiet, Karen og Lars Helgelands Minnefond, avisa "Hordaland", Voss Sogelag og anonyme gåver. Fossegrimen takkar for all velvilje og verdfulle tilskot, som endeleg har gjort det mogeleg å realisera eit lenge ynskt og planlagt lokalhistorisk bokverk om ei sentral kulturverksemd i Vossebygda og i regionen i mest 100 år.

Denne bokutgivinga er verkeleg ei storhending i Orkesteret Fossegrimen si lange historie!

Symfoni på Voss kostar kr. 398,- og til sals hjå Vossevangen Libris (tidl. Voss Bokhandel) og NotaBene bokhandel. i Amfi Senteret på Voss. Boka kan og tingast hjå Orkesteret Fossegrimen.